har spesialisert seg i restaurering og reparasjon av dei store gamle mekaniske ura.
I tillegg importerer vi moderne tårn- og fasade ur frå Smith of Derby i England.
Tårnur
Frå gamalt av var det vanleg i byer å ha tårnur på viktige bygningar.
Fyrst var det kyrkjer som fekk desse, det var nødvendig å få folk til messe til korrekt tid.
Seinare fekk herregardar og andre store bygningar slike tårnur. Det var både praktisk og sjølvsagt viktig å kunne visa fram sin rikdom.
Mange av desse tårnura var laga av den lokale smeden, med god hjelp av ein urmakar, men mykje vart også importert frå utlandet.
Men gjennom hundreårs bruk blei det mykje slitasje, og vedlikehald og driftskostnader blei ofte eit heftig diskusjons emne.
Når så ny ur teknikk med motor kom, blei dei gamle ura fort skifta ut.
Mesteparten av det gamle gjekk tapt, men det finnes enno nokre få urverk att som absolutt det er vert å ta vare på.
Vedlikehald og driftskostnader er ikkje borte, men med ny teknikk, som ikkje gjer inngrep i det gamle urverket, kan ein enno få eit slikt gammalt mekanisk pendelur til å gå korrekt i 100 år til med minimal driftskostnad.